BESTILLINGSVILKÅR - Heiskort og Gondolbillettar VOSS RESORT/VOSS GONDOL
Desse generelle vilkåra gjeld mellom Voss Resort AS/Voss Gondol AS (heretter VR/VG) og den som sjølv eller gjennom andre inngår ein avtale med VR og/eller VG ut i frå gjeldande bekrefting (gjesten). Avtalen kan gjelde overnatting, heiskort, gondolbillettar, aktivitetar, kjøp av andre produkt og tenester eller ein kombinasjon av desse.
Ansvarleg formidlar heiskort:
Voss Resort Fjellheisar AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 959 031 517, e-post: post@vossresort.no, telefon: +47 4700 4700
Ansvarleg formidlar gondolbillettar:
Voss Gondol AS, Evangervegen 3, N-5704 Voss, Norway
Org nummer: 916 271 557, e-post: post@vossgondol.no, telefon: +47 4700 4700
BESTILLERS ANSVAR
Før ein gjer ein endeleg bestilling, skal ein lese og gjere seg kjent med viktig informasjon om det aktuelle produktet. Bestiller er ansvarleg for at kjøpet er i høve til sine eigne ønsker. Bestiller er ansvarleg for å forsikre seg om at opplysningane i vilkåra er i samsvar med bestillinga.
GJENNOMFØRING AV BESTILLING
Etter korrekt gjennomført online betaling skal du få en kvittering på e-post. Kvittering inneheld alle detaljar ved ditt kjøp og kan tas med til oss.
Bestilling er ikkje gjennomført og ikkje gyldig i fylgjande hald:
Er du i tvil om bestillinga er korrekt gjennomført? Kontakt oss.
ATTERHALD
VR/VG og våre underleverandørar står ikkje til ansvar for vêrforhold, stengte fasilitetar eller andre atterhald som ligg utanfor vår kontroll. Me tek atterhald om feil og endringar i våre prislister og beskriving av tenester. Det vert tatt atterhald om eventuelle publiserings- eller korrekturfeil på nettsider og på annan trykt informasjon om tilboda VR/VG formidlar.
PERSONVERN
Ved registrering av personopplysningar samtykker gjesten til at VR/VG i eigenskap av personopplysningar, brukar opplysningane for å gjennomføre VR/VGs forpliktingar overfor gjesten. Me oppbevarer kundedata i atterhald til norsk lov.
ENDRING I SKATTAR OG AVGIFTER
Dersom skattar og/eller avgifter vert endra, og dermed fører til ein kostnadsauke for tilbydar etter at bestillinga er gjennomført og betalt, kan prisen aukast tilsvarande for bestillar. Kunden skal straks få informasjon om prisendringa.
FORCE MAJURE
Begge partar har rett til å gå vekk i frå avtalen dersom arrangementet ikkje kan gjennomførast som fylgje av krigshandlingar, naturkatastrofar eller arbeidsmarknadskonfliktar, lengre avbrot i vatn- eller energitilførsel, brann, epidemier eller andre tilsvarande større hendingar som ingen av partane har hatt mogelegheit til å føresjå eller påverke.
TVISTELØYSING
Me ber gjesten ta kontakt med dei ulike tilbydarane dersom dei har noko å utsetje på bestilt arrangement. Dersom gjesten og Voss Resort ikkje klarar å forhandle seg til einigheit skal eventuell tvist vedrørande tidlegare inngått avtale løysast i Bergen tingrett.
HEISKORT/GONDOLBILLETT
Kjøp av heiskort krev at ein har eit keycard. Keycardet ladast ved første passering i heisen sitt vendekors. Kortet er personleg og nederst på kortet finn du eit keycard nummer (f.eks. 01-1614 7200 2500 3445 8000-01) som må brukast i vår online betalingsløysing for å lade opp keycardet med heiskortet du ynskjer.
Alle born 0-6 år skal ha eit keycard. Dette gjeld også om dei kan stå gratis i fylgje med føresette.
Sesongkort, heilårskort og 10 dagars kort er berre gyldig med bilete av eigar synleg på kortet. Desse korta er personlege og kan ikkje verte gjeven til andre. Misbruk fører til inndraging av kortet eller eit gebyr på kr. 1500,-
BRUK AV HEISKORT
Med mindre anna er bestemt er heiskort – unntatt punktkort og enkeltbillett – personlege og kan ikkje overdras/lånast ut til andre. Overtreding kan medføre at kortet vert inndradd. Brukaren skal kunne legitimere at vedkommande er rettmessig innehavar av kortet. Kortet skal uoppfordra visast ved kontroll.
Tapt kort erstattast kun med eit nytt kort når personlege data er registrert i forbindelse med kjøp av heiskortet og det lar seg sperre. Anleggseigar har anledning til å ta eit administrasjonsgebyr i forbindelse med utsteding av nytt kort.
Skader på heiskort ved normal bruk gir rett til utsteding av nytt kort.
Ved eventuelle ulykker som korthaldar er involvert i – eller er vitne til – forpliktar vedkommande seg til å legitimere seg, her under å oppgi namn og telefonnummer.
Det vert ikkje gitt erstatning (refusjon eller endring av kort) ved driftstopp grunna dårleg vèr, straumbrot, maksinfeil eller liknande.
ANGRERETT OG REFUSJON VED KJØP AV HEISKORT/GONDOLBILLETT (INKL. GÅVEKORT)
Ved kjøp av heiskort/gondolbillett/gåvekort på internett er det ingen rett til avbestilling, endring eller refusjon, jfr Angrerettloven kapittel §22 bokstav m) Dette gjeld også for pakker og kampanjar som inneheld datofestede heiskort eller datofestede arrangement. Angrerettloven gjeld heller ikkje ved sal av heiskort/gondolbillett/gåvekort frå ordinære utsalsstader, eksempelvis sal frå billettluke eller automat. Billettar som ikkje kan brukast grunna tekniske feil, dårleg vêr- og føreforhold vert ikkje refundert.
REFUSJON VED SJUKDOM ELLER SKADE
Ved sjukdom eller skade vil kortbrukaren kunne nytte ein høvesvis refusjon av kortutgiftene for den tid kortet ikkje kunne nyttast. Skaden eller sjukdommen skal på førespurnad dokumenterast gjennom legeerklæring. Kortet skal tilbakeleverast så fort som mogeleg, ref retningslinjer for bruk av heiskort Alpinanleggenes Landsforening (ALF)
SANKSJONAR VED MISBRUK AV HEISKORT ELLER OVERTREDELSE AV ALPINVETTREGLENE
Korthaldar er innforstått med at misbruk av heiskort, overtreding av Alpinvettreglene, brot på anvisingar i heisar og nedfartar, skikøyring i berusa tilstand m.v. kan medføre inndraging/sperring av heiskort, ilegging av tilleggsavgift/kontrollavgift, bortvising frå anlegget og/eller politimelding.
Med misbruk av heiskort meines bl.a. bruk av feil kort (vaksne som nyttar barnekort), kortet til ein annan person, forfalska kort, stole kort m.v.
BETALING
Me nyttar ein betalingsløysing frå Netaxept og du kan betale med Visa eller Mastercard. Tredjepart vil ikkje få tilgang til dine personopplysningar då Netaxept nyttar Secure Socket Layer (SSL) ved overføring av personleg informasjon. SSL lagar ein sikker (kryptert) forbindelse mellom din maskin og Netaxept. På denne måten kan informasjonen overførast trygt utan at uvedkommande kan lese den undervegs. Sjølve transaksjonen blir handtert av Elavon, og dette gjev deg ein trygg og sikker handel.
Tapte billettar vert ikkje erstatta.
ANGRERETT VED KJØP AV GÅVEKORT
Ved kjøp av gåvekort på internett er det ingen rett til avbestilling, endring eller refusjon, jfr Angrerettloven kapittel §22 bokstav m). Dette gjeld også for pakker og kampanjar som inneheld datofestede heiskort eller datofestede arrangement. Angrerettloven gjeld heller ikkje ved sal av gåvekort frå ordinære utsalsstader.